tirsdag 9. august 2016

Roadtrip pt. 2 - Fjelltur på Stordafjellet

Førre måndag køyrde vi frå Sogn og ned til Bømlo. Det var meldt regn heile veka vi skulle vere på tur, men både i Balestrand og på Bømlo fekk vi dagar og delar av dagar med opphald - nok til at vi kom oss ein god del ut. Vi fekk til og med ein dag med så godt vær at det freista med fjelltur. Då pakka vi sekkane og køyrde over til naboøya Stord, og la i veg opp mot Stordafjellet!


Vi gjekk opp til fjelltoppen Stovegolvet. Løypa er lagt opp som ein rundtur, der oppstiginga går i rimeleg bratt terreng. Somme stader følte vi oss nesten som fjellklatrarar...


Storslått natur!


Vi nærmar oss toppen...


 ...der oppe står hovudvarden på Stovegolvet, og til venstre i bildet kan du sjå taket på den gamle televerk-hytta der vi sat og åt lunsj (Sjå bilde lenger nede):


Akkurat i dette landskapet følte eg meg nesten som ein del av Ringens Brorskap...

På eit punkt nesten heilt oppe på toppen, kunne vi skimte parkeringsplassen og bilane våre 500 meter lenger nede:


På toppen, som altså heiter Stovegolvet, er det god utsikt til store delar av Sunnhordland. Her ser vi austover, mot øya Huglo og sørenden av Tysnes, og endå lenger bak kan landskapet rundt Rosendal og Kvinnherad skimtast:


Søraust: Leirvik til høgre, sørenden av Huglo til venstre og i bakgrunnen ser vi landskap i Kvinnherad og Etne:


Sørover mot Leirvik og Heiane, og Sveio på andre sida av fjorden:


Og sørvestover, mot sjølvaste Bømlo. Siggjo står der som eit sikkert landemerke:


Litt lunsjmat i le for vinden. Varden i bakgrunnen er toppen på Stovegolvet.


Etterkvart vart det ganske kaldt i vinden heilt oppe på toppen. Vi måtte bevege oss igjen, og fortsatte på stien mot dei nye steintrappene ned frå fjell. Ein artig, liten varde på vegen:


Nedstiginga var mykje lettare enn turen opp, og det er då også mange turgåarar som vel å gå både opp og ned i desse nylaga steintrappene:


Trappene stod ferdig i mai i år, og er bygde av sherpaer frå Nepal. Dei brukte berre fem veker på arbeidet - og alt er laga med handmakt (Artikkel om arbeidet i Stordnytt her)


Ein med caps og ei som hadde gleda seg til å gå i trappene, men dessverre ikkje fekk med seg så mykje akkurat då...


Vel nede frå fjellet gjekk vi eit godt stykke på grus- og asfaltveg tilbake til der vi starta.


Idyllisk landskap like ved kraftstasjonen, der vi trøytte i beina kunne setje oss i bilane og køyre heim til Bømlo.


mandag 8. august 2016

Roadtrip pt. 1

Etter x tal mil langs svingete vestlandsvegar og tunnellar, kom vi for halvanna veke sidan til farmor og farfar i Balestrand! Her er nokre glimt frå besøket vårt der. Først frå spasertur til Holmen:
 




Copacabale beach:



Det gjekk mykje i kortspelet phase 10 denne helga. Så også søndag, då vi feira bursdagen til farmor. Onkel Arild og søskenbarna i Jølster kom på besøk, og vi kunne blant anna inspisere den gamle leikeplassen i Fjærestadfeltet. Det er tydeleg at den ikkje er så mykje i bruk, og at interessa for å halde den i stand er nokså låg. Det var ikkje heilt slik det såg ut i glansdagane våre på slutten av 80-talet, nei... 


Litt trongare i tunnellsklia også... 



Heldigvis var der mange villbringebær, og siglebana var også nokolunde brukbar. Så det er jo ikkje det at det ikkje går an å leike der lenger...


Etter eit kjekt opphald i vakre Sogn, sette vi kursen sørvestover att. I høyangertunnellen hadde dei akkurat starta opp med arbeid etter sommaren, så der måtte vi vente ein heil time før vi fekk køyre gjennom. Då gjeld det å finne noko å gjere!


Og så kom regnet, i det vi skulle til å køyre. Eg har lest ein del litt negative innlegg på facebook om alt regnet i sommar. Vi for vår del har nok vore heldige med val av reisemål - det har vore svært få dagar med regn denne sommaren!


To som valde seg orkesterplass på ferga Halhjem-Sandvikvåg:


Med sunnhordlanske øyer i sikte, er det ikkje lange biten igjen fram til mormor og morfar!



mandag 25. juli 2016

Lyngdal 2016

Det er alltid spennande å skulle reise på telttur! I år er femte året på rad at vi pakkar familieteltet i bilen, og tradisjonen tru set kursen mot bibelcampen i Lyngdal. Sidan vi dei fire første åra leigde leilighet på campen, var dette vår niande sommar i den idylliske sørlandsbyen. Vi begynner etter kvart å bli drevne i gamet!

Vi kom til campen onsdag 13., og då var det allereie temmeleg fullt på campingplassen. Hovudcampen var smekkfull, og ekstrajordet hadde berre eit par ledige plassar. Eit alternativ var å sette opp telta i det høge graset utanfor ekstrajordet, men vi såg ikkje heilt for oss at det ville bli så bra. Vi spurte difor fint om vi fekk sette opp telta på plenen framfor den eine garasjen - eit kvart steinkast bortanfor toaletta... Så dermed vart Camp Erfjord sjåande slik ut i år!


Her kjem nokre bilete frå 11 flotte dagar på KVS-Lyngdal. Som mange gongar før, er Nina og eg einige om at i år må ha vore den beste sommaren vi har hatt på campen! Og også i år var det svært kjekt å campe saman med familien Vassbø!

Først eit bilde frå kidzcamp. Ein av hovudgrunnane til at vi trivst så godt på bibelcampen, er det gode opplegget for borna. Når dei har det bra, har også vi det bra! Signe lyttar konsentrert:


Den første helga var også Jarle Waldemar på campen. Med barneshow torsdag ettermiddag, kidzparty fredag, ekteskapskurs på laurdagen (for oss vaksne, sjølvsagt...) og tale under stormøtet søndag, sette familien Waldemar eit tydeleg preg på dei første dagane.


I år gjorde vi noko vi ikkje har gjort før i Lyngdal, uvisst av hvilken grunn; Vi gjekk på fjelltur! Her går vi innover mot der vegen opp til "Månen" startar.


På vegen er der gode utkikksplassar. Vi kunne til og med sjå telta våre på campen! Og når ein kan sjå heim, då veit ein at det har vore ein fin tur...


Fleire stader langs stien låg det flyttblokker. Desse har då altså lege her sidan førre istid, og mange av dei har fått namn. Denne på bildet heiter for eksempel "Musa". Du ser kanskje kvifor?


Så var vi til sist oppe på "Månen". Fin utsikt utover fjorden, mot havet!


Der gjekk ein flokk kyr og beita der vi måtte passere ut til utkikksplassen. Blant desse gjekk det også ein stut (Vi er litt usikre på om dette eigentleg er lov?) Lise fekk eit litt for nærgåande møte med denne. Han var både nysgjerrig og klumsete på ein gong, og kom til å dytte henne over ende. Ei ganske skummel oppleving, men Lise er heldigvis Lise, og har evna til å le av det i ettertid...

På veg tilbake hadde vi fin utsikt inn mot bibelcampen:


Begge laurdagane vi var der vart det arrangert misjonsløp. I kidzcamp-løpet skulle borna springe ein runde som var om lag 100 meter, og dei skulle springe i 20 minutt. Både Jens og Lise skaffa seg sponsorar, og fekk både faste beløp og beløp per runde. Signe var sjuk denne dagen, og var ein heller febervarm og passiv tilskodar. Her er Lise i gong med sine 32 rundar, og Jens runda av med 48 rundar denne første laurdagen!


I hovudløpet, som var ei sløyfe på 250 meter, sprang deltakarar frå ungdomscampen og vaksne ein klokketime. På bildet er eg i fint trav, og eg kunne notere 32 rundar etter endt løp. Dette var sjølvsagt langt bak dei raskaste, men eg var fornøgd!


B-tweengjengen, som både Jens og Ruth var ein del av i år, framførte ein song (We are the free) under stormøtet søndag:


Då vi gjekk tur til "Månen" passerte vi Lyngdal Kristne Grunnskule, og såg at dei hadde veldig fint uteområde. Søndag ettermiddag måtte vi bort og utforske alle leikeapparata!


Sidan vi fekk ei litt utradisjonell plassering av telta i år, var det kort avstand til leikeområdet utanfor møtehallen, og borna slapp å krysse vegen for å få tilgang til gode vegar å sykle på. Dette var særleg bra for Signe, som syns det har vore litt vanskeleg å sykle på springesykkelen. Etter halvanna veke i Lyngdal spring ho av garde og balanserar på sykkelen som om ho aldri skulle gjort anna!


Eit besøk i Sørlandsbadet høyrer med. I år var også onkel Arild og søskenbarna frå Jølster med, og saman hadde vi fire kjekke timar i badeanlegget!


Signe hadde ikkje lyst til å bade, så ho og Nina reiste inn til Lyngdal på shopping saman med tante Anne Margrethe. Dagen etter var også vi andre med inn til handelsparken. Lise heng, naturleg nok, mykje i nærleiken av onkel Arild...


Så var det tilbake til campen og den store sandslottbyggekonkurransen! Vi bidrog med eit tablå frå Moses sitt liv: I Nilen ser du Moses ligge i sivet, og lenger bak er Sinaifjellet. Kan du sjå dei to steinane med dei ti boda ligge ved foten av fjellet? På andre sida av fjellet står den brennande tornebuska, koparormen og eit område med manna (marshmellow) og ein vaktel (Ein død fugl vi fann ikkje så langt unna...) Vi vann likevel ikkje prisen for mest bibelske sandslott, det var det nokon som hadde bygd stallen i Betlehem som gjorde. Sinaifjellet var likevel så høgt at vi vann premien for høgaste sandslott!


Andre bidrag i konkurransen:


Sakarias og Signe i kidzcamp-toget, på veg til samling i "Jungelen" (3 - 6 år):


Onsdag reiste dessverre onkel Arild og dei vidare, men vi andre fann fram alt vi hadde av strandmateriell og gjekk ned for å bade!


Ikkje alle kom like langt ut, men du verda så kjekt det er å grave i god strandsand!


Den siste helga var det jentegruppa Seven som var gjestar på campen. Dei hadde konsert torsdag, leia kidzparty fredag, var med på B-tween-gruppa laurdag og heldt andakt og song under stormøtet søndag. Av oss fem var det nok Lise som vart treft aller best av musikken :)


Fredag var det kø for å komme inn på kidzparty:


Ein tradisjon vi ikkje vil gje slepp på, er bowlinga på Lucky Strike. Fredag drog vi bort i bowlinghallen og spelte ein runde. Med tolv spelarar er der god konkurranse for dei fleste. Her sender Jens av garde kula, og akkurat denne kula tok med seg seks kjegler...


Signe lånte frå tid til anna fotoapparatet, og gjekk rundt og knipsa. Dette skjedde særleg tidleg på morgonen. Då høyrde vi klikking i fotoapparatet inne frå hovudrommet i teltet, etterfulgt av lett knising og fornøgde utsegn. Eit eksempel på eit slikt "morgonmotiv": Oppi ei strandveske ligg ei bok, fyrstikker, solkrem, ein paraply og eit sponsorark frå misjonsløpet. Det er ikkje så mange andre som tenkjer på å ta bilde oppi vesker og sekkar, så då er det godt at Signe tek seg av det!


Laurdag var jentegruppa Seven med på B-tweensamlinga (5. - 7. klasse). Lise, som er på "Safari" (2. - 4. klasse), står i vindauget og kikkar og er nok litt misunneleg. Heldigvis skjer det mange kjekke ting på "Safari" også!


Laurdag var det marknadsdag og tivoli i Lyngdal sentrum, og vi tok turen inn for å køyre litt karusell. På vegen til tivoli gjekk vi forbi sjølvaste Elsa, Anna og Hans frå disneyfilmen "Frost". Lise tok bilde saman med dei, og gav gode klemmar etterpå:


Nokon er modigare enn andre... Oppi her sit Jens, Aksel og Ruth - og dei har betalt for å sitje der! Skulle du fått meg opp i ein slik, skulle eg hatt ganske god betaling...


Etter passe mykje karusellkøyring, var det tilbake til nytt misjonsløp. Denne gongen vart resultatet slik: Lise 31 rundar, Jens 54 rundar og eg 34 rundar. Så veit vi kva vi må strekke oss etter neste år! Signe var uheldig og datt og slo seg etter to glade rundar, og ville naturleg nok ikkje springe meir etter det. Ho kjem garantert til å setje ny rekord neste sommar!


Seven framfører songen "Magisk" under stormøtet søndag, og enkelte av fansen er ivrig med. Lise vart til slutt invitert til å stå heilt framme, mellom to av Seven-jentene - ikkje så lite stas :)


Og det var det siste vi var med på i Lyngdal denne sommaren. Etter møtet var det å pakke teltet og bagasjen inn i bilen og køyre heim att. Så spørs det om plenen vert seg sjølv att denne sommaren...